Anders Svor-museet ligg idyllisk til ved Hornindalsvatnet omgitt av ein vakker skulpturpark.

Museet har ei samling på nærare 600 objekt: frå skisser til fleire av hans mest sentrale arbeid som gipsskulpturen Ung pike (1895) og bronsefontena Bylgja (1913, nystøyping 1979)).

Utstillinga gir innblikk i bilethoggaren sine arbeidsmetodar, motivkrets, typologi og stilutvikling frå ein detaljert naturalisme via klassisime til symbolisme

Anders Svor (1864-1929) vaks opp i Hornindal og starta som treskjerar før han studerte kunst i Kristiania og København. Etter eit studieopphald i Paris midt på 1890-talet etablert han seg med eige atelier i Kristiania der han vart buande resten av sitt liv. Svor var ein av dei sentrale norske bilethoggarane i sin generasjon. Han er innkjøpt av Nasjonalmuseet og deltok på fleire nasjonale og internasjonale utstillingar.

https://www.vitimusea.no/musea/Svor-museet

Ditt overnattingsvalg.