#havilamoments
Kom og nyt alle aktivitetene som Sunnmørsalpene har å tilby!
Best pris garantert
Personleg oppfølging
Enkel og trygg booking
Stadfesta og korrekt informasjon
Frå hotella våre kan du utforske praktfulle fjordar, dei majestetiske Sunnmørsalpane og den barske, storslåtte kysten. Hotella våre skil seg ut med fantastisk utsikt, perfekt plassering og er det beste utgangspunktet for aktivitetar og opplevingar.
Du kan vakne opp i vannkanten ved Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet, på Havila Hotel Raftevold. Nyte ein utsøkt frokostbuffet medan du ser utover verdsarven i Geirangerfjorden på Havila Hotel Geiranger eller sove midt mellom tindetoppane i Ørsta på Havila Hotel Ivar Aasen . Og etter ein kort køyretur kan du rusle gjennom jugendbyen Ålesund med sin elegante art noveau-arkitektur.
Vi skal sørge at du får eit hyggeleg og prisvenleg opphald på våre førsteklasses hotell, og ser fram til å ønske deg velkomen til ei uforgløymeleg oppleving på Havila Hotels.
På Havila Hotel Ivar Aasen kan du nyte ei rekkje temakveldar med fokus på både kjøtt og fisk, og dessutan tradisjonelle retter frå norsk kjøkken. Vi tilbyr også spennande smakar frå internasjonale kjøkken som asiatisk, meksikansk, spansk og italiensk. Desse matopplevingane er tilgjengelege året rundt, og her finn du alltid oversikt over dei kommande arrangementa som er verd å få med seg!