Velkomen til Hornindalsvatnet
I hjartet av fjord-Norge ligg Havila Hotel Raftevold, idyllisk plassert ved Hornindalsvatnet, Europas djupaste innsjø. Alle dei 43 romma har balkong og utsikt mot vatnet, fjella eller den vakre hagen. Her kan du nyte lokale rettar i restauranten og kafeen, slappe av i hagen ved vatnet.
Hotellet er ein idyllisk stad å feriere ved Hornindalsvatnet, i den vakre hagen omgitt av blomar, ro og fjellutsikt – perfekt for bryllaup, selskap og romantiske augeblikk i naturlege omgjevnader.
Med nærleik til Geirangerfjorden og Stryn er hotellet eit ideelt val for gjester som søker fred, skjønnheit og ekte vestlandsstemning.
Frukost inkludert
Gratis Wi-Fi
Hundar velkomne
Innsjekk kl.15:00
Elbillading
Panorama hagen
À la carte-restaurant
Møte og event
Bryllaup
Bildegalleri
Bryllaup ved Hornindalsvatnet
Feir kjærleiken i den vakre hagen vår ved Hornindalsvatnet, omgitt av fjell, blomar og stille vatn – ein idyllisk stad for uforglemmelege augneblink på Havila Hotel Raftevold.
Restaurant og bar
Restaurant à la carte
Nyt lunsj og middag med vakker utsikt over Hornindalsvatnet. Vi byr på ein spennande a la carte-meny med lokale råvarer inspirert av naturen rundt oss.På søndagar tilbyr vi tradisjonelle retter. Det er også lokale variantar og alternativ på drikkemenyen vår. For den beste opplevinga – bestill bord i resepsjonen.
ope mai- september
Lunsj kl.12.00-kl. 16.00
Middag kl.17.00 - kl. 21.00
Tlf.: +47 57 87 99 99
Dølen
Lobby bar og terrasse
Lobby bar og terrasse Dølen Eteri er oppkalla etter «D/S Dølen» som gjekk på Hornindalsvatnet frå 1880 til 1950.
Dølen Eteri, lobbykafeen vår, byr på nykokt kaffi, fristande kaker og forfriskande drikke heile dagen. Med ei terrasse med utsikt over Hornindalsvatnet og ein frodig hage, er det den perfekte staden å slappe av og nyte augeblikket.
Hage og terrasse ved Hornindalsvatnet
Ved Havila Hotel Raftevold finn du ein vakker hage med terrasse som vender rett mot Hornindalsvatnet – Europas djupaste innsjø. Her kan du nyte lyden av vatnet og utsikta mot fjella som speglar seg i sjøen. Hagen har eigen tilgong til vatnet, og er ein favorittplass for både gjester og lokale som vil senke tempoet, ta eit forfriskande bad, eller berre nyte dagen i fred og ro.
Grillområde i hagen
I hagen ved Havila Hotel Raftevold finn du eit triveleg grillområde med utsikt mot vatnet. Her kan du samle venner, kollegaer eller familien til ein uformell kveld med god mat og vakker natur som ramme. Når vêret tillèt det, fyrer vi opp grillen og legg til rette for ei stemningsfull oppleving ute i det fri – midt mellom fjell, hageblomar og glitrande vatn.
Opplevingar
Slik kjem du deg til oss
Havila Hotel Raftevold ligg i hjartet av fjord-Norge. Den vakre hagen vår ligg vendt mot Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Hotellet ligg nær Geirangerfjorden som står på Unescos verdsarvliste, Briksdalsbreen og Vestkapp-platået. Jugendbyen Ålesund med sin vakre og historiske arkitektur ligg berre to timars køyretur unna via E39. Næraste flyplass er Ørsta-Volda lufthamn, ein god halvtime med bil frå hotellet.
