TRIVELEGE ROM MED FLOTT UTSIKT
På våre hyggelege rom kan du slappe av i eige selskap fram til neste topptur eller nyte livet saman med den du er glad i.
Havila Hotel Geiranger har 151 praktiske, lune og hyggelege rom.
Alle våre rom er røykfrie og frokost er alltid inkludert.
Standard rom
Standardromma er våre rimelegaste rom og har litt forskjellig størrelse og utforming. Dei fleste er kompakte, har avgrensa utsikt mot hotellhagen, twinsenger, 1-2 lenestolar, TV, gratis wifi og bad med dusj/WC og hårføner (nokre få har badekar). Nokre rom har også plass til ekstraseng.
Superior rom med fjellutsikt
Romslege og nyrenoverte rom på 25 kvm med utsikt mot det bratte Vesteråsfjellet. Romma har sittegruppe med sofa og lenestol, bad med badekar og hårfønar, TV og gratis wifi. Romma har twinsenger og plass til ekstraseng.
Standard rom med fjordutsikt
Vil du ha garantert flott utsikt under opphaldet ditt i Geiranger? Då er romma våre med fjordutsikt eit godt alternativ. I tillegg til flott utsikt har desse romma møblert balkong, lenestolar, skrivebord, hårfønar, gratis wifi og TV. I tillegg har dei bad med badekar og mange av romma har plass til ekstraseng. Romma er 20 kvadratmeter og har twinsenger.
Superior rom med fjordutsikt
Panoramaromma ligg høgt oppe i hotellet med fantastisk utsikt over Geirangerfjorden, møblert balkong, bad med badekar og hårfønar, sittegruppe med sofa og lenestol, skrivebord, TV, utstyr til stryking, kaffe- og tebrett, gratis wifi og oppgradert møblering og utstyr. Desse romma er 21 kvadratmeter og har twinsenger. Plass til ekstraseng.
Deluxe rom med fjordutsikt – Nyrenoverte 2025
Våre nyrenoverte dobbeltrom tilbyr den perfekte kombinasjonen av moderne stil og komfort – med spektakulær utsikt mot Geirangerfjorden. Romma ligg i bygget mot fjorden og er møblerte med privat balkong, renovért bad med walk-in-dusj, Brunstad-lenestolar, eit lite skrivebord, flatskjerm-TV, hårfønar, gratis Wi-Fi og Nespresso-maskin. Desse romma er 20 kvadratmeter og har komfortable Wonderland-senger (todelt dobbeltseng/twin).
Vi ønsker dine pelskledde vener velkomen!
Hundar blir rekna som eit familiemedlem på Havila Hotels, så vi vil gjerne ta imot dei. Du kan vere sikker på at under opphaldet ditt hos oss vil hunden din nyte den same avslappande innkvarteringa som deg.
