Galleriet

Utstilling med billedkunstnar CATHRINE KNUDSEN og VON DOREN Showrom

Sommaren 2024 vil showromet ved Havila Hotel Geiranger vere fylt opp med noko av det beste innan norsk kunst og klokkemakeri. Vi er stolte av å kunne presentere kunstaren Cathrine Knudsen og klokkemakaren Øyvind VON DOREN Asbjørnsen.

Du kan sjå verka deira i showromet vårt frå 25. mai til 22. september. Då får du både oppleve ei spennande utstilling og får sjanse til å sikre deg ein av dei unike gjenstandane og kunsten dei har tatt med til oss i Geiranger.

Utstillinga er gratis og er opa kvar dag i heile perioden.

VON DOREN

I 2016 realiserte Gründer Øyvind Von Doren Asbjørnsen ein mangeårig draum, å skape sitt eige klokkemerke.

Øyvind vaks opp i jugendbyen Ålesund med særeigne tårn, spir og vakre utsmykkingar. Fasinasjonen og lidenskapen for klokker starta då han på 12-årsdagen sin arva ein Certina DS Automatic frå oldefaren. Sidan då har han både samla på armbandsur og drøymt om å skape dei.

Før klokkedraumen blei oppfylt jobba han som filmprodusent, regissør, forleggar og forfattar. Han har laga fleire dokumentarfilmar, TV-seriar, kortfilmar og heilaftens filmar. Eit av dei kanskje mest kjende arbeida hans er dokumentaren Prinsen av Sjakk frå 2005 – om det 13 år gamle sjakkvidunderet Magnus Carlsen, samt MAGNUS frå 2016.

Etter ein lang karriere som regissør og filmprodusent, følgde han draumen og satsa alt på Von Doren. I dag lagar Von Doren tidlause armbandsur av høg kvalitet, inspirert av norsk natur og historie. Alle ura er designa av Von Doren i Norge med urverk frå Sveits.

Når Von Doren skaper klokkekolleksjonar, hentar han inspirasjon frå heimbyen Ålesund med elegante linjer og den særeigne jugendstilen, med den dramatiske naturen rundt byen og praktfulle fjordar, fjell og fossar. Som tidlegare filmregissør og -produsent hentar han også inspirasjon frå filmklassikarar på 50- og 60 talet.

Von Doren | Norge | Mekaniske Klokker

Cathrine knudsen

Utstillinga viser maleri, botaniske trykk, grafikk og keramikk. Knudsen har utsmykka kystruteskipet Havila Castor, og du kan sjå 36 av verka hennar i fellesområda på skipet.  No kjem ho til Havila Hotel Geiranger med kunsten sin og vi så heldige å få vise den flotte kunsten hennar på Havila Hotel Geiranger i heile sommar.

Cathrine Knudsen har arbeidd som kunstnar i over 20 år og har fått ein solid posisjon i den norske kunstmarknaden. Naturen er hovedinspirasjon i kunsten hennar. .

“I naturen kjenner kunstnaren på ei heilt eiga friheit. Denne friheita gir større tankerom og ein heilt eigen inspirasjon”, seier ho.

Bilda reflekterer stillheita i naturen og sakte forteljingar. Noko vert slite ned og noko vert bygd opp, på same tid, og dette dannar naturen sine eigne historier. Den kontinuerlege prosessen av forfall og fornying i naturen, med naturens poesi, skjørheit og stillheit, vert tolka i kunstverka.

I denne utstillinga viser Cathrine Knudsen nye oljemaleri der naturen har sett sitt preg på lerretet – også med kjende former frå Geiranger. I tillegg blir det fjell-silhuettar etter fleire turar til Svalbard. Det er også naturformer som lag på lag med store lønneblad, blad som fell, fjør, blomster, kløver og andre gjenkjennelege element frå naturen som blir gjengitt i lette, naturlege tonar. Oljemaling i fleire tjukke lag skaper ein kraftig djupneeffekt og gir ulike strukturar i overflata. Bladgull er lagt på nokre av verka som ein effekt av lys og reinheit og delikat enkelheit og ro går gjennom i alle bilda.

I tillegg til maleria stiller Knudsen også ut keramikk og eit stort utval av grafikk, både tresnitt, litografi, etsingar, monotypi og botaniske trykk.

Cathrine Knudsen har hatt ei rekke separatutstillingar, mellom anna på Soli Brug, Bærum kunstforening, Galleri Fineart, Galleri Soon og Hamar Sagbladfabrikk. Arbeida hennar er innkjøpt av ulike store institusjonar og private samlarar.

Knudsen vert til stades under opningshelga.

www.cathrineknudsen.com

.

Geirangervegen 22, 6216 Geiranger

resepsjon.geiranger@havila.no

+47 70 26 30 05