Ferske råvarer
All maten vår er laga med ferske råvarer.
Lokale ingrediensar
Vi brukar lokale ingrediensar for å skapa dei beste smakane.
Laga med kjærleik
og tilberedt på vår eigen måte
ØRSTA
Varde Restaurant
Vi byr på ein spennande a la carte-meny med lokale råvarer inspirert av fjordane og fjella rundt oss. Nyt mørt storfekjøt frå Vestlandet, smakfull klippfisk frå Ålesund, eller vår pannesteikte fjordlaks servert med sesongens tilbehøyr. A la Carte-menyen varierer med de ulike sesongane. Det er også lokale variantar og alternativ på drikkemenyen vår. Denne dedikasjonen til lokale råvarer gir deg ein verkeleg fersk og smakfull matoppleving.
Ope heile året
mandag - laurdag kl. 17.00 - kl. 21.00
Tlf.: +47 700 45 100
Unn deg ein herleg middag
Nyt terrassen i Ørsta sentrum om sommaren. På terrassen vår kan du slappe av og nyte den flotte utsikta av fjord og fjell.
GEIRANGERFJORDEN
Restaurant Skageflå
Herleg middag med utsikt over Geirangerfjorden
Med storslått utsikt over Geirangerfjorden byr Restaurant Skageflå på ei roleg og naturnær matoppleving. Kjøkkenet har røter i nordiske tradisjonar og nyttar lokale råvarer og reine smakar – servert med omtanke, tett på naturen.
Ope mai - oktober
mandag - søndag kl. 17.00 - kl. 22.00
Tlf.: +47 90 62 35 42
Unn deg ein herleg middag
Nyt ein god middag med utsikt over Geirangerfjorden.
Hornindalsvatnet
RESTAURANT
A la carte
Nyt lunsj og middag med vakker utsikt over Hornindalsvatnet. Vi byr på ein spennande a la carte-meny med lokale råvarer inspirert av naturen rundt oss. På søndagar tilbyr vi tradisjonelle retters på søndagsmeny. Det er også lokale variantar og alternativ på drikkemenyen vår.
ope mai- september
Lunsj kl.12.00-kl. 16.00
Middag kl.17.00 - kl. 21.00
Tlf.: +47 57 87 99 99
Lunsj eller middag med utsikt
Lobbybar og terrasse
Lobbybar and terrasse Dølen Eteri er oppkalla etter «D/S Dølen» som gjekk på Hornindalsvatnet frå 1880 til 1950. Dølen Eteri, lobbykafeen vår, byr på nykokt kaffi, fristande kaker og forfriskande drikke heile dagen. Med ei terrasse med utsikt over Hornindalsvatnet og ein frodig hage, er det den perfekte staden å slappe av og nyte augeblikket.
Frå kl. 10:00
Visste du at den herlege frukostbuffeen vår er open for alle?
Anten du bur hos oss eller berre ønsker ein smakfull start på dagen, er du alltid velkommen til å nyte frukosten i restauranten vår. Ta kontakt med resepsjonen for tidspunkter og pris.
