Ved den fråflytta garden Knivsflå stuper sju fossefall 250 meter ned i fjorden og er eit imponerande syn.

Kor store fossane er og kor lett det er å sjå alle sju er avhengig av kor mykje vatn det er i fossane frå snøsmelting og regn. Det er vanlegvis mest vatn i fossane frå mai til juli. Namnet ”Dei sju søstre” har dei fått fordi fossefalla på avstand minner om håret til sju kvinner. Fossane kjem ut frå Knivsflåelvane, lengst inne i Geirangerfjorden.

”Friaren” er ein flaskeforma foss på andre sida av fjorden. Namnet har den fått  etter sagnet om at ”Friaren” har lagt bak seg en rekke mislykka friarforsøk til ”Dei sju søstre». Ulykkeleg skal han ha slått seg på flaska.

Den beste måten å sjå «Dei sju søstre” på er frå sjøen: Geiranger Fjordservice tilbyr 1,5 times rundtur med sightseeing i perioden mai til september, med oppmøte bak Geiranger turistinformasjon. Det går også ferje fleire ganger om dagen frå Geiranger til Hellesylt i perioden mai til september.

Den gamle garden Knivsflå ligg på ei fjellhylle like ved ”Dei sju søstre”. Garden gjekk for å vere den beste i si tid her inne i Geirangerfjorden. Der den låg i solhellinga, blei det tidleg vår og gode beiteforhold. Garden var sjølvforsynt og hadde rikeleg med mat sjølv i dårlege tider. Men, ulykker og død har prega menneska som budde på gården. Terrenget er farleg, og det var rasfare som gjorde at Knivsflå blei fråflytta alt i 1898.

Du kan dra til Knivsflå med båttaxi, og turen opp dit er ei bratt og luftig, men flott oppleving

Ditt overnattingsvalg.