Flydalsjuvet byr på imponerande utsikt og er eit godt fotopunkt over Geiranger og Geirangerfjorden.

Ikkje rart at dette er eit av dei mest brukte motiva når ein skal vise fram den vakre naturen i Norge til resten av verda.

Flydalsjuvet ligg lett tilgjengeleg ved veg nr. 63, om lag fire km frå Geiranger sentrum i retning austover mot Grotli.

Utsiktpunktet har to platå, eit øvre og eit nedre, med gangsamband mellom. Utsiktspunktet er modernisert gjennom prosjektet ”Nasjonale Turistvegar”, og dei nye installasjonane vart offisielt opna med ei markering 21.juni 2006. Arkitekt 3RW-Sixten Rahlff og landskapsarkitekt Arne Smedsvig har skapt installasjonane.

På det nedre platået finn du også installasjonen «Fjordsetet», som vart avduka av dronning Sonja i september 2003 i samband med 10- års jubileet til landsdelsselskapet Fjord Norge As.

Ditt overnattingsvalg.

BIlder: Copyright Oyvind_Kare_Sunde | Visit Ålesund