Norsk Fjordsenter er besøks- og formidlingssenteret for Vestnorsk fjordlandskap og for Geirangerfjorden verdsarvområde. Utstillingane viser det spennande og særeigne fjordlandskapet som fekk verdsarvstatus av Unesco i 2005.
Gjennom utstillingar og interaktive stasjonar får du kunnskap om dei geologiske prosessane som skapte fjordlandskapet og du får sjå korleis landskapet er i dag. Du får også lære om det biologiske mangfaldet og korleis dyr og planter har tilpassa seg naturtypane her. Besøkssenteret har ei eiga utstilling og eit engasjerande aktivitetsrom for barn.