Velkomen til Ørsta og Sunnmøre

Inst i Ørstafjorden, berre 60 kilometer frå Ålesund, finn du ei hotellperle av dei sjeldne. Havila Hotel Ivar Aasen har eksistert sidan 1965. I 2008 skifta hotellet namn til Hotell Ivar Aasen. Frå 2017 vart hotellet ein del av Havila Hotels og deira satsing på reiseliv på Sunnmøre og i Norge.

Hotellet i Ørsta er omkransa av fjelltoppar og den vakre Ørstafjorden. Vi har 72 røykfrie rom med utsikt til den dramatiske vestlandsnaturen, der du kan overnatte på ditt neste eventyr på Sunnmøre.

Etter fjellturen kan du nyte god og lokal mat i restauranten vår. Vi legg til rette for reisa di på best muleg vis og gir råd om dei beste aktivitetane og dei finaste fjellturane på Sunnmøre.

Hotellet har moderne møte- og konferanserom med AV-utstyr og ligg sentralt til – berre fem minutt frå Ørsta–Volda lufthamn Hovden, og nær butikkar, fjellturar og aktivitetar. Her møtest kvardag og kvalitet – i hjartet av Sunnmøre.

Bildegalleri

Arrangement

Juletapas Catering

28.nov – 13.des

Julebord

21.-22. nov, 12.des

Lutefiskaften

Restaurant og bar

Restaurant Varde

Vi byr på ein spennande à la carte-meny med lokale råvarer frå fjordane og fjella på Vestlandet. Nyt saftig storfekjøt, klippfisk frå Ålesund eller pannesteikt fjordlaks med sesongens tilbehøyr – ei fersk og smakfull matoppleving som endrar seg med årstidene.

Sjå menyen vår her >

Bordreservasjon

Lobby bar

På Havila Hotel Ivar Aasen finn du ein triveleg lobbybar med gode lenestolar og store vindauge som slepper inn mykje naturleg lys. Her kan du slappe av etter ein travel dag – lese ei bok, spele eit brettspel eller berre nyte gode samtalar med vener og kollegaer i ei roleg og hyggeleg stemning.

Terrasse

Nyt ein nydeleg utsikt og ei avslappande atmosfære. På terrassen vår kan du slappe av og nyte den flotte utsikta mot fjord og fjell. Terrassen er open om sommaren og ved fint vêr.

Konferanse og møte

På Havila Hotel Ivar Aasen legg vi alt til rette for eit vellukka møte eller konferanse. Vi har moderne møterom med AV-utstyr og naturleg dagslys, eigna for alt frå små samlingar til arrangement for opptil 200 deltakarar. Nyt lokal mat, god service og inspirerande omgjevnader – berre få minutt frå Ørsta–Volda lufthamn.

Les meir Sjekk prisar

Catering til alle anledningar

Tapas frå Havila Hotel Ivar Aasen gjer kvar anledning komplett – anten det er jobb, bryllaup eller venelag.
Vi tilpassar menyen etter behov, allergiar og ønskjer, slik at du får ei smakfull oppleving som passar både gjestene og anledninga.

Kontakt oss

Selskap

Anten du skal arrangere en privat feiring, eller en storslått firmafest, vil Havila Hotel Ivar Aasen skape den perfekte atmosfære og oppleving. Vi er gjestfrie og profesjonelle, og hjelper til med minnestunder og merkedagar som bursdag, jubileum og bryllaup. Og kva med ein skreddersydd blåtur eller sommarfest på vår fantastiske takterrasse med utsikt over både fjord og fjell? Vi har både lokalet, maten og servicen til ditt arrangement!

Kontakt oss

Opplevingar

sven mieke Lx GDv7VA9M unsplash scaled

Eit gratis adgangskort.

Treningsstudioet står berre over vegen frå oss. Spør vår resepsjonist om adgangskortet.

Hotel pet friendly Havila Hotels scaled

Vi ønsker dine pelskledde vener velkomen!

Hundar blir rekna som ein familiemedlem på Havila Hotels, så me vil gjerne ta imot dei. Du kan vera sikker på at under opphaldet ditt hos oss vil hunden din nyta den same avslappande innkvarteringa som deg.

Vi ønsker dine pelskledde vener velkomen!

Les meir
Orsta 04 Optimized scaled

Opplev Ørsta og Volda

Finn ut kva som skjer i området – frå kulturarrangement og konsertar til fjellturar og lokale opplevingar.

Les meir

Slik kjem du deg til oss

Havila Hotel Ivar Aasen ligg midt i hjartet av Ørsta, ein sjarmerende småby ved den vakre Ørstafjorden i Møre og Romsdal, omgitt av dei majestetiske Sunnmørsalpane. Hit kjem du deg enkelt med fly, til Ørsta-Volda lufthavn, Hovden (HOV). Du kan også køyre E39 gjennom det vakre fjordlandskapet på Vestlandet eller krysse høgfjella i Midt-Norge, for eksempel på R15 over Strynefjellet. Det går også fleire ekspressbussruter frå dei større byane i Norge gjennom Ørsta. Med bil og buss får du krysse fjordane med ferje.

Parkvegen, 22
6150 Ørsta
+47 70 04 51 00
resepsjon.orsta@havila.no

Les meir Sjå i kart