Velkomen til Ørsta og Sunnmøre

Inst i Ørstafjorden, berre 60 kilometer frå Ålesund, finn du ei hotellperle av dei sjeldne. Havila Hotell Ivar Aasen har eksistert sidan 1965. I 2008 skifta hotellet namn til Hotel Ivar Aasen. Frå 2017 vart hotellet ein del av Havila Hotels og deira satsing på reiseliv på Sunnmøre og i Norge.

Hotellet i Ørsta er omkransa av fjelltoppar og den vakre Ørstafjorden. Vi har 72 røykfrie rom med utsikt til den dramatiske vestlandsnaturen, der du kan overnatte på ditt neste eventyr på Sunnmøre.

Etter fjellturen kan du nyte god og lokal mat i restauranten vår. Vi legg til rette for reisa di på best muleg vis og gir råd om dei beste aktivitetane og dei finaste fjellturane på Sunnmøre.

Varde Restaurant

Vi byr på ein spennande a la carte-meny med lokale råvarer inspirert av fjordane og fjella rundt oss eller ein ferdig pakke med tre rettar av høg kvalitet og med lokal twist. Det er også lokale variantar og alternativ på drikkemenyen vår.

Les meir om mat og drikke

Kurs, Konferanser, møter eller seminar.

Vi har fleire og fleksible lokale til kurs, konferansar, møte eller seminar slik at vi kan gi deg den perfekte ramma ut frå dine ønske for arrangementet. Vi kan ta imot grupper frå 8 til 200 personar.

Sjå våre selskapsfasilitetar

Eit gratis adgangskort

Treningsstudioet står berre over vegen frå oss. Spør vår resepsjonist om adgangskortet.

HER FINN DU OSS

Havila Hotel Ivar Aasen ligg midt i hjartet av Ørsta, ein sjarmerende småby ved den vakre Ørstafjorden i Møre og Romsdal, omgitt av dei majestetiske Sunnmørsalpane.

Hit kjem du deg enkelt med fly, til Ørsta-Volda lufthavn, Hovden (HOV).

Du kan også køyre E39 gjennom det vakre fjordlandskapet på Vestlandet eller krysse høgfjella i Midt-Norge, for eksempel på R15 over Strynefjellet.

Det går også fleire ekspressbussruter frå dei større byane i Norge gjennom Ørsta. Med bil og buss får du krysse fjordane med ferje.

Meir Informasjon


Parksvegen 9, 6150 Ørsta

resepsjon.ørsta@havila.no

+47 700 45 100