På 2010-talet rettar Havila blikket mot transport og reiseliv.

Havila Hotels er ein del av Havilagruppa si satsing innan reiseliv. Vi tilbyr overnatting og opplevingar frå tind og fjell til fjord og fjøre. Havila har røter heilt tilbake til 50-talet då dei starta med fiskeri. Seinare vart det offshore og skipsteknologi før Havila på 2010-talet retta blikket mot transport og reiseliv. Steget inn i reiseliv gjekk gjennom transport av passasjerar og gods. Det skjedde i 2011 då ein fekk eigarskap i Smyril Line, som går i rute mellom Færøyane og fleire europeiske land.

I heimbyen Fosnavåg var Havilagruppa ein naturleg medspelar då det lokale næringslivet tok eit felles løft for å utvikle lokalsamfunnet gjennom bygging av Sunnmørsbadet, hotell og konserthus. Thon Hotel Fosnavåg opna i 2014. Sævik-familien som eig Havilagruppa, har tru på at reiseliv er eit forretningsområde der ein kan skape aktivitet og lønsame arbeidsplassar.

I 2017 kjøpte Havila Holding Hotell Ivar Aasen i Ørsta.

I 2018 utvida Havila reiselivssatsinga med å kjøpe Hotel Raftevold i Hornindal og bygde ein reiselivsakse frå fjell til fjord og fjøre. Selskapet Havila Hotels vart stifta, og same året var dei også med på oppstart av eit nytt hotell i Torshavn på Færøyane, der Havila no er inne i to hotell.

I 2020 vart så Hotell Geiranger ein del av Havila Hotels, og fekk namnet Havila Hotel Geiranger. I tillegg har Havilagruppa fleire satsingar innan reiseliv, som Havila Kystruten med fire nye passasjerskip som seglar den tradisjonsrike hurtigruta mellom Bergen og Kirkenes.

Havila Hotel Geiranger

Historia om turismen i Geiranger.

På 1800-talet var Geiranger ei veglaus bygd og dei få turistane som kom for det meste kom med båt.

Dei første båtturistane

9. juli 1869 gjekk eit reisefølge av britiske kvekarar under leiing av bankmannen Edward Backhouse i land i Geiranger. Følget overnatta om bord i yachten dei kom med, «Nereid». Backhouse fekk samla ei gruppe lokale folk som han tok bilde av, og det blei det første fotografiet som var tatt i Geiranger nokon gong.

Martinus K. Merok, «Lånabuda» og hotellutbygging

Hotellbygginga i Geiranger starta med Martinus K. Merok i 1869. Då sette han opp ei «lån» i Maråkvika som vart brukt til vertshus for losjerande. «Lånabuda» blei seinare til Meroks Hotell. «Lånabuda» låg der restauranten vår, «Låna», ligg i dag.

I 1880 kom dei første vegarbeidarane kom til bygda, og på grunn av vegbygginga fekk Meroks Hotell eit oppsving. Med over 300 anleggssluskar i bygda, auka behovet for overnattingsplassar dramatisk. Tidleg i 1880-åra reise norddalingen Nils Petter Weiberg ein tømmerbygning som losjihus. Det vart Hotell Geiranger.

Etter at vegen var ferdig bygd, selde Weiberg i 1892 huset til bøndene på Vinje og Marok. Dei fekk hjelp til finansiering av Johannes Olsen Aasen (1846-1942). Han hadde drive kolonial og skipshandel i Ålesund, men flytta til Geiranger i 1882 fordi kona ikkje treivst i byen. Johannes var både skrive- og rekneskapskyndig. I samarbeid med bøndene etablerte han Hotell Geiranger. Dei bordkledde og utvida tømmerhuset og bygde veranda.

På vel ti år blei det etablert fem hotell i den vesle bygda. Før vegen og hotella kom, hadde folk knapt sett ein einaste turist og dei såg med skepsis på framandfolk. Eit så raskt hamskifte var det ikkje mange bygder som opplevde, og hovudgrunnen var bygginga av vegen over fjellet. Den avstengde bygda blei ein attraksjon, og etter kvart også ein del av verdsarven. Kombinasjonen av vegbygging og hotellbygging skapte ein næringsmessig revolusjon i den vesle fjordbygda, der dei rundt 400 innbyggarane fram til då for det meste hadde drive gardsbruk. Utruleg at ein veg kan skape eit slikt under!

I 1957 blei Meroks hotell bygd på i modeme stil til det bygget vi kjenner i dag. Utviklinga skjedde også på Hotell Geiranger, med nybygg klart både i 1964 og 1974. I 1995 blei Meroks Hotell og Hotell Geiranger, som hadde vore drive som eitt hotell, bygd saman med ei bru. Det blei samtidig bygd ny resepsjon, glasheis og fasade. I 2020 overtok Havila hotellet frå familien Haldorsen, som har drive det i om lag tretti år.

Havila Hotel Raftevold

Det startet så smått i 1867

Raftevolds Hotel vart grunnlagt av Ola M. Raftevold i 1867, og i over 150 år har Raftevolds Hotel vore eit landemerke og ein viktig arbeidsplass i kommunesenteret Grodås.

Grunnleggaren, Ola Martinus Raftevold, dreiv både hotell, skysstasjon og landhandel. Denne kombinasjonen var svært vanleg for mange hotelleigarar frå slutten av 1800-talet og langt opp i vår tid.

Ola M. Raftevold starta hotelldrifta i det små. Han kjøpte eit gamalt naust på Grodåssanden og starta handel. Året etter kjøpte han nabonaustet der det var tingstove i første etasje og overnattingsrom på loftet. Der var det to gjestesengar.

No har hotellet 44 rom og er ein del av Havilagruppa si satsing innan reiseliv.

Havila Hotel Ivar Aasen

1965

Viking vart namnet på det nye hotellet som reiste seg på den åtte mål store eigedomen i sentrum av Ørsta.

Tone Albertsen vann namnekonkurransen med forslaget «Viking Fjord Hotell».

Hotellet opna i 1965 med Ingvald Rørnes som direktør. Det første arrangementet var feiring av 50-årsjubileet til Ørsta Elverk, ei veke før den offisielle opninga av hotellet fredag 12. februar 1965.

Laurdag 13. februar var det aksjonærmiddag med 150 inviterte gjester. Søndag 14. februar vart det opna for publikum og totalt var det tusen gjester innom hotellet under opningshelga.

2008

Hotellet vart omdøypt til Hotell Ivar Aasen.

2017

I juli 2017 vart Hotell Ivar Aasen kjøpt opp av Havila Holding AS.

Hotell Ivar Aasen er no ein del av Havila Hotels og Havilagruppa si satsing innan reiseliv.