Bare selve reisen er en opplevelse i seg selv, enten dukommer med båt, buss eller bil, og vi vil gjerne svare på spørsmålene dine omden beste ruten.
Reise med fly
Ålesund lufthavn, Vigra (AES) er nærast Geirangerfjorden, og ligg om lag 2,5 times køyretur frå flyplassen til Geiranger.
Sjekk heimesida til flyplassen for informasjon om direkteruter til og frå Ålesund lufthavn, både innanlandske og utanlandske, i tillegg til charter. Her finn du også informasjon om flybuss og leigebil.
Reise med bil
Å køyre til Geiranger er ei mektig oppleving gjennom fantastisk natur med mange flotte utsiktspunkt. Anten du reiser om vinteren eller sommaren, er det viktig å vere klar over at du kan møte varierande veg- og trafikkforhold og du må planlegge reisa di ut frå det.
Sommarruter, reisetid med bil:
- Oslo – E6 Otta – Rv15 / Fv63 Geiranger: 6,5 timar
- Bergen – E39 Stryn – Rv15/Fv63 Geiranger: 6,5 timar
- Trondheim – E6 Dombas / Otta – Rv15 / Fv63 Geiranger: 5,5 timar
- Ålesund- E39 Stordfjordvegen – Fv650 Sjøholt – Fv63 Linge – Ferje til Eidsdal – Fv63 Geiranger (For ferjetider sjå www.fjord1.no ) : 2,5 timar
I vintersesongen kan enkelte fjellovergangar vere stengt på grunn av mykje snø og skredfare. Fylkesveg 63 til Geiranger kan vere vinterstengt frå sein haust til tidleg sommar. Det gjeld både vegen austfrå som kjem over Strynefjellet og vegen over Trollstigen. Nøyaktig kva tid vegen stenger og opnar er avhengig av snømengder og verforhold og endrar seg frå år til år. Du finn informasjon om stenging og opning av vegen her: vegvesen.no
Vinterruter, reisetid med bil:
- Oslo – E6 Otta – E136 E39 Stordfjordvegen – Fv650 Sjøholt – Fv63 Linge – ferje til Eidsdal – Fv63 Geiranger (For ferjetider sjå www.fjord1.no ) : 10 timar
- Oslo – E6 Otta 3 E39 Stryn – Fv60 Hellesylt – Ferje til Geiranger: 8,5 timar
- Bergen – E39 Stryn – Fv60 Hellesylt – Ferje til Geiranger (For ferjetider sjå www.thefjords.no) : 7,5 timar
- Trondheim – E6 Dombas – E136 Åndalsnes – Fv650 Sjøholt – Fv63 Linge – ferje til Eidsdal – Fv63 Geiranger (For ferjetider sjå www.fjord1.no ) : 7,5 timar
- Trondheim – E39 Molde – Ferge til Vestnes – E39 / Fv 650 Sjøholt – Fv63 Linge – ferje til Eidsdal – Fv63 Geiranger (For ferjetider sjå www.fjord1.no ) : 7,5 timar
- Ålesund- E39 Stordfjordvegen – Fv650 Sjøholt – Fv63 Linge – ferje til Eidsdal ( For ferjetider sjå www.fjord1.no ) : 2,5 timar
(Køyretid er henta frå Google Maps)
Reise med båt og ferge
Fjordcruise frå Ålesund – Geiranger
Geiranger Fjordservice tilbyr båttur fra Ålesund sentrum til Geiranger. Når du kjem til Geiranger, er det berre ein kort rusletur frå kaia til Havila Hotel Geiranger. For rutetider og booking sjå Geirangerfjord
Fjordcruise frå Hellesylt – Geiranger
The Fjords tilbyr båttur fra Hellesylt til Geiranger Når du kjem til Geiranger, er det berre ein kort rusletur frå kaia til Havila Hotel Geiranger. For rutetider og booking sjå The Fjords
Reise med buss
Vil du reise med buss i Geiranger og besøke plassar som Ålesund, Ørsta, Hornindal eller Stryn, kan du bruke lokalbussane som blir køyrt av FRAM.
På heimesida deira finn du rutetider for lokalbussar i tillegg til informasjon og rutetider for ferjer og langdistansebussar, inkludert buss frå Oslo.
Mer informasjon på FRAMs nettsider