HAVILA HOTEL GEIRANGER
Vi opnar 10.april!
Opplev våren i Geiranger med oss.
Havila Hotel Geiranger har tradisjonar tilbake til 1860-talet. Du finn oss i hjartet av Unesco-verdsarven Geiranger, heilt i vasskanten ved den vakre Geirangerfjorden. Anten du vil utforske fjorden og fjella i nabolaget til hotellet eller om du vil ta ein dagstur til vakker og historisk arkitektur i jugendbyen Ålesund, er Havila Hotel eit perfekt utgangspunkt: Eit stilreint og moderne hotell i majestetiske natur, nær aktivitetar og eventyrlege opplevingar.
Sjå vår interaktive brosjyre med videoar og finn inspirasjon til ditt neste opphald hos Havila Hotel Geiranger.
Påskeferie i hjartet av den spektakulære Geirangerfjorden.
Våren er ei av dei vakraste tidene å besøkje Geiranger, og påska gir eit unikt høve til å oppleve magien til fjorden. Når naturen vaknar etter vinteren og dagane blir lengre, er det ein sesong fylt med eventyr, ro og imponerande landskap..
Vi byr på ein spennande a la carte-meny med lokale råvarer inspirert av fjordane og fjella rundt oss eller ein ferdig pakke med tre rettar av høg kvalitet og med lokal twist. Det er også lokale variantar og alternativ på drikkemenyen vår.
Bryllaup i unik natur og atmosfære.
Hotellet ligger i vasskanten heilt nede ved fjorden med imponerande utsikt over Geirangerfjorden.
Kan du tenkja deg å kunna feira ein av dei viktigaste augneblinkane i livet ditt i hjartet av Geirangerfjorden, omgitt av magien og sjarmen til fjella og fjorden?
Kontakt oss og oppdag alle mulighetene for å oppnå feiringen du alltid har drømt om.
Havila Hotel Geiranger ligg midt i hjartet av Unesco-verdsarven Geiranger, heilt i vasskanten ved den vakre Geirangerfjorden i Møre og Romsdal, omgitt av majestetiske sunnmørsfjell.
Hotellet ligg i sentrum og shoppingområdet i bygda med gangavstand til Geiranger ferjekai. Busshaldeplassen ligg rett utanfor hotellet.
Det er enkelt å reise til Geirangerfjorden. Kjem du frå Oslo og Bergen har du fleire alternativ. Ålesund lufthavn, Vigra (AES) er næraste flyplass til Geirangerfjorden. Å reise med bil er også behageleg, men husk at nokre av bilvegane er stengt om vinteren.