5-retter frå Havet – Havets aften på Restaurant Varde

Vi inviterer til ein smakfull kveld med fem rettar frå havet – ei reise gjennom dei beste råvarene frå kysten, servert med kjærleik og presisjon av vårt kjøkkenteam.

Fredag 19. september dekker vi på til ein elegant Havets aften med ein nøye samansett femrettars meny av fisk og skalldyr.

Kvelden startar med kremet norsk fiskesuppe med torsk, laks og reke, før vi held fram med gratinert sjøkreps frå Misund med fransk Comté-ost, servert med ertekrem og skalldyrskum.

Vidare får du kamskjell med blomkålpuré, beurre blanc med grasløk og ørretrogn, etterfølgt av kveite med grilla sommerkål og hollandaise smaksatt med urter og sitron.

Til dessert serverer vi sjokoladefondant med vaniljeis av Madagaskar-vanilje og friske bær.

Frå kl. 18:00 til 21:00 kan du nyte denne menyen – og baren held ope heilt til kl. 02:00 for vidare hygge.

Sommelier Tim Vikström har sett saman ei tilpassa vinpakke eller du kan velje glas frå vinkartet.

19. september 2025

Servering frå kl. 18:00 til 21:00 – bar ope til 02:00

Pris: 

  • 795,- per person
  • Pakke/glas vin – tillegg

Bilde: www.matprat.no.

Ditt overnattingsvalg på Ørsta.