Det er kraftig satsing på kvalitet og fornying for Havila Hotel Geiranger der moderne, nordisk stil møter lokale kvalitetsleverandørar i første steg av full make-over for hotellet med totalrenovering av 25 rom og eit løft for 20 andre rom.
Havila Hotel Geiranger byr på nærkontakt med verdsarvfjorden der det ligg heilt i vannkanten i Geirangerbygda, og det er no 25 rom med fjordutsikt som har vorte rive heilt reine og bygde opp på ny.

Badegolv er støypt opp og bada har fått flislagt golv og veggar. Røropplegg og ventilasjon er nytt. Og sjølve roma er «nybygde» og fornya med kvalitet frå ei rekke lokale leverandørar.
Å ta med verdsarvfjorden inn på romet
Dagleg leiar i Havila Hotels, Gunther Dahler, seier ein har ønskt å at gjestene skal få ta med seg fjorden heilt inn på roma.

Med vindauge over heile veggen mot verdsarven og utsikta til fjorden, ville vi at desse kvalitetane, material og fargar skulle halde fram også inne på romet. Her er lyst treverk, lette blåtonar og varme naturmateriale som ull.
Kortreist kvalitet
Havilagruppa ønskjer å skape lokal aktivitet og ringverknader med verksemda si, og næringslivet på Nordvestlandet viser godt igjen i fornyinga av hotellet. Mellom anna har Rovde Møbel & Design levert sengegavlar, stolane kjem frå Brunstad og sengane frå Wonderland medan gardiner er leverte av A.Sævik. Også arbeidet som er gjort er utført av lokale leverandørar.
Havila-eigar Hege Sævik Rabben seier dette handlar om å bidra til lokal verdiskaping, men ikkje minst at desse leverandørane har kvalitetar som gir hotellet høg standard og gjestene ei god oppleving.
«Vi ønskjer å gi gjestene våre det beste og då er vi så heldige at vi har det i nærmiljøet rundt oss. Her får vi og dei som skal bu hos oss kortreist kvalitet.»
Mangfald og breidde i reiseminne
Oppgraderinga er første steg på vegen mot å tilpasse hotellet til nye reisande og endringane ein ser i marknaden med nye typar gjester med andre ønske enn det ein har sett før. I sommar skal også galleriet og galleri-butikken gi hotellet særpreg og kvalitet.

Vi utviklar galleri og butikk og skal ha kunstutstilling med fleire anerkjente kunstnarar og eit vareutval der vi løftar fram norske kvalitetsprodukt med god design. Slik vil vi bidra til at dei som besøker Geiranger får større breidde i tilbodet.