Kurs, Konferanse, møter eller seminar

Sunnmørsalpane reiser seg med sine majestetiske tindar 1700 meter rett opp frå fjorden.

Vi hos Havila Hotels veit at eit arrangement kan opplevast som ei utfordrande klatring til ein fjelltopp, men vi leier deg gjerne langs dei beste stiane og på den rette ruta slik at du berre kan ta deg av det som er viktigast for deg; deltakarane og måla dine.

Ein klatretur til suksess

Akkurat som klatrarar kan overvinne toppane med god planlegging, er våre dyktige medarbeidarar klare til å leie deg gjennom planlegginga av arrangementet og gi støtte steg for steg. Og slik klatrarar stolar på støtteteamet sitt for å navigere gjennom utfordringane når dei er undervegs, kan du stole på at vi gir deg den nødvendige hjelpa under arrangementet.

Påfyll av energi

Det er ikkje muleg å klatre til toppen når energien er lav. “Uten mat og drikke duger helten ikke.»

Konferansepakken vår har to-rettars lunsj i tillegg til pausemat for avbrekk både på føremiddag og ettermiddag. Om konferansen varer heile dagen, kan de i tillegg velje å avslutte med ein smakfull middag.

Reserver ditt neste arrangement

Selskapsfasilitetar våre

På same måten som klatrarar tilpassar utstyr og strategi etter fjell og terreng, kan du tilpasse konferanserom etter kva arrangement du skal ha. Vi har konferanserom for grupper frå åtte til 200 personar. Møteroma har moderne fasiliteter med alt du treng for ei vellukka og produktiv samling.

Geiranger

Vi har møterom for 2 til 120 personer, anten det er ansikt til ansikt, online eller som eit hybridmøte. Vi har menneska, roma og teknologien til å skape eit flott møte.

Ørsta

Vi har fleire og fleksible lokale til kurs, konferansar, møte eller seminar slik at vi kan gi deg den perfekte ramma ut frå dine ønske for arrangementet. Vi kan ta imot grupper frå 8 til 200 personar.

Hornindal

På Havila Hotel Raftevold er det mange mulegheiter for deg som ønsker å halde kurs, konferanse eller ei uformell samling. Vi kan imot grupper til 60 personar.