Vi søker dyktige medarbeidarar som får gjestene våre til å kjenne seg som heime og vil gi dei det beste Sunnmøre har å by på.
Havila Hotel AS er ein del av Havilagruppa si satsing innan reiseliv. Vi har hotell i Geiranger, Ørsta og ved Hornindalsvatnet i tillegg til at vi er medeigarar i Thon Hotel Fosnavåg. Vi driv også Havila Kystruten, som trafikkerer mellom Bergen og Kirkenes med fire nybygde fartøy. Vi er dessutan engasjerte i Fjord Norge, to hotell på Færøyane og i Smyril Line. Hovudkontoret vårt ligg i Fosnavåg på Sunnmøre.
Vil du vere med på reisa, kan du sjå dei ledige stillingane våre nedanfor.
Velkommen til Havila Hotels!
Om oss
Midt i den vakre vestlandsnaturen.
Frå hotella våre kan du utforske praktfulle fjordar, dei majestetiske Sunnmørsalpane og den barske, storslåtte kysten. Hotella våre skil seg ut med fantastisk utsikt, perfekt plassering og er det beste utgangspunktet for aktivitetar og opplevingar.
Les meir